HEIM

Velkomen til FLX Sykling, eit lite og spesialisert firma på Voss. Målet med dette firmaet er å sikra skreddarsydd kvalitet for syklistar – måtte det vera guiding, coaching eller vedlikehald av syklar.

Foretaket er starta opp av Felix Sieling, ein tidlegare guide som har jobba over heile Europa. Til dagleg jobbar han som lærar på Voss gymnas, men interessa og lidenskapen for sykling – og syklar – lever vidare gjennom FLX Sykling.

Guiding

Frå populære og utfordrande stiar til ukjente perler – me ynskjer å dela lidenskapen vår for sykling ved å syna deg det beste me har å by på. Basert på  vår eigen interesse har me god oversikt over stinettverket i vårt nærområde, dermed kan me sikra høvelege stiar for dine og dykkar behov.

FLX Sykling byr på guida sykling i “alle” disiplinar: både terreng, sti, og landeveg. Ta kontakt for guida turar langs fjordar, over fjella og i skogen.

Målet vårt er å kunne by på best mogleg kvalitet, difor foretrekk me små grupper – dette for å minimera store nivåforskjell.

PRISAR:

Per person:

Opp til to timar: 350 NOK
Halv dag: 500 NOK
Heil dag: 900 NOK 

Flytstiar i Bømoen og omgjevnad
Rundtur i den grøne sløyfa

Coaching

Har du nettopp kjøpt deg ein stisykkel, eller er du usikker på korleis du får brukt den på best mogleg vis? Me vil gjerne hjelpa deg vidare. Som lidenskaplege syklistar forstår me kva du opplever, og kan difor coacha deg der det trengst.

Med lang utdanning og erfaring er me trygge på å gje deg gode opplevingar som du kan ta med deg vidare i sykkelkarrieren. Me har trent syklistar og guidar i over 10 år, frå nybyrjarar til guidar og instruktørar. Gjennom bruk av ulike verktøy som video, terreng og teknikkar som gjer deg bevisst på korleis du handterer sykkelen, noko som du og me byggjer vidare på.

Ta kontakt for meir info, eller viss du har spørsmål.

Prisar:

Prisane er basert timebasert og varierer avhengig av lengda på økta.
60 min:   400 NOK
120 min:  700 NOK
180 min: 1000 NOK

Vedlikehald og reparasjonar

Gjennom dei siste åra har dette blitt den mest ettertrakta teneste til FLX Sykling. Med nesten 20 år erfaring av å fiksa syklar, klarar me å fiksa det meste, alt frå girproblem, til skeive hjul, dårlege eller øydelagde bremsar, til demparservice.

FLX Sykling spesialiserer seg i meir tidkrevjande oppgåver som ikkje alle butikkar har tid til, døme på dette er reparasjon av gaflar, demparar, hydrauliske bremsar, kulelager erstatning og hjulbygging.

Har du meir vanlege utfordringar kan me sjølvsagt også ta oss av dei: ta kontakt viss du har spørsmål.

Prisar:

Kvar reparasjon er ulik, dermed er det vanskeleg å setja faste prisar. Ta kontakt med oss og me vil hjelpa så godt me kan.

Replacing pivot bearing on a trailbike

   

KONTAKT

Lurar du på noko?

Ta kontakt med oss:

Telefon: 468 99 986
Epost: info@flxsykling.no
Adresse: Nedkvitnesvegen 18, 5710 Skulestadmo

Interessert i det som skjer i og rundt FLX Sykling? Me har også ei facebook side. Fylg oss der for å halda deg oppdatert på nyheiter, tilbod og arrangement.